Utviklingsverkstad

Publisert av: Hilde Marie Sæverud-Mehammer
17/4/2018 21:10
Tekst og foto: Vegard Aslaksen
Mange hadde teke turen til Tysneshallen for å delta på det første av i alt tre folkemøter kommunen arrangerer dei neste tre vekene. 

Møtet åpna med at ein viste fram Tysnesfest aftermovie frå i fjor.

Ordføraren brukte i sitt innlegg Tysnesfest som eksempel på kva ein kan få til dersom ein drar lasset i lag.

Rådmannen forklarte vidare kva betyr samfunnsdelen av kommunedelplanen, kva føringar ein må forhalda seg til men samtidig kva moglegheiter ein har til å sjå fram i tid og bidra til ei positiv utvikling av Tysnessamfunnet.

Etter ein god gjennomgang av planarbeidet som ligg føre vart dei frammøtte delt i fire grupper. Gruppene roterte på fire postar der ein kunne diskutere og koma med innspel til kommunen sine representantar som lytta og noterte undervegs. Dette gjorde til at alle fekk høve til å vera med å bidra innan dei ulike temaene. På dette møtet var det temaene helse, pleie og omsorg, nyttig fritid og det gode liv som stod på agendaen.

Fekk du ikkje med det dette fyrste møtet? I neste veke inviterer kommunen til ein ny utviklingsverkstad med fleire tema.