Ny siger til Hedda

Publisert av: May Britt Meland
23/1/2018 09:23

Tysnesjenta har framleis den gule leiartrøya og leiar Gla´laks Cupen for alle 13-16 åringar i Hordaland.

Denne helga gjekk Gla’laks cup nr. 5 og 6 av stabelen i Vik, og Hålandsdal IL, HIL, stilte med 25 flinke utøvarar frå 8 til 24 år.

Velfortjent 2. plass og klar 1. plass til Hedda

Laurdag vart det konkurrert i sprint. i cup nr 5.
I klassen J16 stilte 7 jenter til start. Hadda S. Kåsa fekk ein velfortjent 2. plass med tida 15:51, berre 5 sekund bak Selma Barmen Stein frå Fana IL.

Søndag stod KM fellesstart for tur i cup nr 6.
Her viste deg seg at Hedda var suveren! Ho skaut feilfritt og kom i mål med tida 16:21, 48 sekund før nr 2!

Hedda S Kåsa har vore svært stabil på skytebanen denne sesongen, og leiar skytecupen etter 6 gjennomførte løp, melder HIL.


Vinnar av KM fellesstart Hedda S. Kåsa i midten bak. Foto: Privat

Stolt idrettslag

Hålandsdal IL har opp gjennom tidene fått fram mange talent, og i år er det ingen unntak!

Heile 5 HIL-utøvarar er fyrst i sine klassar etter at 6 av 9 teljande renn er over, det er: Marcus L. Andreassen (G13), Kristoffer Haugse Rød (G14), Guro Femsteinevik (J14), Hedda S Kåsa (J16) og Eirik Hjartnes (G16).