Tysnes Turlag på tur i Stordfjellet

Publisert av: Martha Nygård Lande
14/5/2024 12:12

Søndag 12. mai tok ein liten gjeng frå Tysnes Turlag turen over til Stord.

Det vart ein flott rundtur frå Vistvikjo over Tindane (Tindaslottet) innom Kvednavatnet og ned att til Vistvikjo!

Turen vart på litt over 10km, vart det, og det var god stemning heile vegen.  Jarle Hevrøy var guide, og fortalte mykje lokal historie, om geologien og om området generelt!

Det var ein nydelig dag og mykje kjekt å sjå på!