Kunst, redesign og gjenbruk – noko for deg?

Publisert av: Dagfinn Sandvik
25/5/2018 19:03

Opnar kunstgalleri, gjenbruksverkstad og sal av maleri i fyrste etasje ved Egil Lande sitt bygg i Våge.

Dei har plana om å opne laurdag 26. mai, og vil halde open kvar laurdag i heile sumar. Lokalet skal verta brukt som atelier framover, kor Sanita Balode kjem til å sitje og jobbe med maleri.

Sanita kjem frå Latvia og har masterutdanning frå Latvias kunstakademi. Ho har hatt utstillingar over heile Europa, og mellom desse 15 separatutstillingar, i tillegg har ho motteke fleire attraktive prisar og kunstnarstipend.

Balode jobbar hovudsakeleg med oljemaleri og teikning, og har jobba mykje med utsmykking i både private og offentlege rom. Kunsten sin karakteriserar ho som figurativ abstraksjonisme med symbol.

Venninna hennar Marit Dyrnes skal drive redesign, gjenbruk av gamle ting, slik som plastfolie, gummi, tøystykker og lignande. Mellom anna har ho laga vesker som inneheld emballasje som kjem frå grønsaksdisken og diverse anna plastfolie.

Marit kjem frå Nesttun i Bergen, men har stor tilknyting til Tysnes, ettersom ho flittig, opp gjennom åra, har besøkt hytta på Teigland. Dyrnes fortel at ho trivs her på Tysnes og at ho likar seg nær sjøen. No som det er så fint vær som me har hatt i mai, er det kjekkast å vere ute og halde på med forskjellig, men på regnfulle dagar, set ho stort sett inne og syr. Dyrnes er utdanna aktivitør, og har jobba som aktivitørsleiar på rehabilitering ved Haukeland sjukehus i 15 år.

Damene ynskjer alle kundar velkomne innom for ein prat. Her er det mogleg for kjøp av forskjellige gjenbruksartiklar, kunst og maleri.