Populært med padlekurs

Publisert av: Martha Nygård Lande
29/6/2020 12:46

I helga var det nytt padlekurs. Dette er blitt svært populært, og er alltid fullbooka. Denne gangen var kurset lagt til Årbakka og området rundt.

Laila Johanne Reigstad har etterkvart hatt mange turar til Tysnes for å holda kurs i kajakkpadling. Og interessa for dette har vist seg å være veldig stor blant både fastbuande og hyttefolk.

På kurset lærer ein seg grunnleggande padleteknikk, korleis ein skal krysse skipslei, kva som er lurt å ha med på korte padleturar og ikkje minst kva ein skal gjere dersom ein veltar, eller må redde ein padlepartner.

Kurset er ikkje berre for nybegynnere, men også for dei som treng oppfrisking av gammal kunnskap.

Alle bileta er tatt av kursholder Laila Johanne Reigstad.