Tinghuset – det nye kulturhuset i Tysnes?

Publisert av: May Britt Meland
15/3/2021 18:09

Tysnes Bygdekvinnelag vil prøva ein Kronerulling for nytt kjøken!
Tinghuset har vore som ein institusjon i Tysnes i over 100 år. Dei fyrste åra vart det nytta som
Amtskule, og sidan som Realskule. Og vidare som Tinghus, møtelokale, festlokale og som lokale for
Tysnes Sparebank.

I dei siste åra har huset stått ubrukt og nesten til nedfalls, og kommunen var usikker på kva ein
kunne nytta det til. Då fekk Tysnes Sogelag tilbud om det var av interesse å leiga huset. Og slik
kom dette samarbeidet i gong. No er det Tysnes Sogelag, Tysnes Bygdekvinnelag, Muselaget og
Venelaget for jåtteseglarane som er saman om dette.

Sidan hausten 2019 har alle laga lagt ned veldig mange dugnadstimar. Alle romdelarane er fjerna,
det nedsenkte taket er fjerna og storsalen er komen til sin rett igjen. Og for deg som til tider fer
forbi på vegen, kan du no sjå at i vinter har Andersland Bygg skifta til nye vindauge i gamal stil.
Inne i salen er det kun litt som no står att før tinga kan settjast på plass og salen kan takast i bruk.
Det gler me oss til.

 


I 2.høgda er den gamle kommunestyresalen, eit møterom og ikkje minst eit kjøken. Og det er
dette kjøkenet Bygdekvinnelaget vil påta seg å få istand. For då kan me ordna med enkel servering
når me vil ha eit arrangement, ein lagskveld, ei utstilling eller anna. Me har fram til no skaffa
tilveie midlar til oppvaskmaskin og ein kjøkenbenk, men det er behov for nytt røyropplegg, og ein
elektrikar har og eidel som må vølast før kjøkenet kan takast i bruk. Det er ein kostnad som er
estimert til ca kr 50 000,-.

Me vil prøva på denne måten å få til ein kronerulling. Har du høve til å gje oss eit bidrag er me
svært takksam. Det kan sendast til Tysnes Bygdekvinnelag sin
konto nr 3525.40.54141
eller på vår
VIPPS 625815.

Me har alle no stor tru på at dette kan verta det nye Kulturhuset i Tysnes, og som alle innbyggjarar
kan få dra nytte av på ein eller annan måte.

 

Tekst og foto: Tysnes Bygdekvinnelag