Løvenes Kongler frå Samnanger gjekk heilt til topps. Inger Berit Hagen var konferansier og jublar i bakgrunnen.

Tysnes-lag vidare til Skandinavisk finale i First Lego League

Publisert av: Martha Nygård Lande
14/11/2023 13:52

Tysnes-lag vidare til Skandinavisk finale i First Lego League

Tysnesløvene, klasse 7A frå Tysnes skule vart kåra til 2. Champion i helgas First Lego League Sunnhordland og gjekk dermed vidare til skandinavisk finale i Mo i Rana.

Tysnesløvene vart 2. Champion og vann i tillegg prosjektprisen

Finalen går av stabelen allereie 1. desember og klassen er i gong med å sjå på reiserute og skaffe finansiering til turen. Med seg til Mo i Rana tar Tysnesløvene vinnaren i Champion, nemleg Løvenes Kongler frå Samnanger skule.

Også Onarheim the Brains frå Onarheim skule og RSS frå Tysnes skule gjorde det sterkt med 2. plass i henholdsvis Prosjektprisen og Teknologiprisen.

Den første First Lego League Sunnhordland vart ein skikkeleg suksess med 20 lag frå Sunnhordland og Bjørnafjorden. Eit enormt antall menneske var innom Tysneshallen der dei fekk sjå utstillingar av prosjekt elevane hadde jobba med i haust.

Robotkampane var veldig populære og trekte mange skodelystne. Som underhaldning holdt Lavran eit populært show. Åsaneguten som er vaksen opp på Tysnes hadde sin andre konsert på Tysnes etter han gjorde eit forrykande show under Tysnesfest tidlegare i år.

Mykje folk i Tysneshallen laurdag

Sabine Koch som er prosjektleiar for FLL Sunnhordland og arrangementet er strålande nøgd:
– Me gleder oss allereie til neste år. Dette må bli ein tradisjon, utbryt Sabine. – Arrangementet gikk over all forventing. Det var ein stor glede å sjå ungdommen vise fram sine prosjekt. Den stoltheten og mestringen dei viste fram imponerte meg. Ungdommane viste ein  skaperglede og innovasjonslyst som vil komme regionen vår til gode i mange år framover, stråler Sabine.

Terje Sløgedal var ein av mange engasjerte frivillige

 

Det er det nystarta selskapet Kulturkontoret som står bak satsinga First Lego League Sunnhordland, som dei altså no håper kan bli eit fast innslag på Tysnes i åra som kjem.

Alle bilete: Maryna Shvartsman