På Onartun er det flotte juletrær både ute og inne

Julegrantenning på Onarheim

Publisert av: Vegard Aslaksen
30/11/2019 14:41
Det var god stemning på Onartun då julegranen skulle tennast fredag kveld.
Det var fullt inne, og mange hadde kjøpt seg risengrynsgraut før elevar frå Onarheim skule og ei gruppe frå Onarheim Musikklag framførde kjente julesanger.
Borna venta spent på nissen, og han kom sjølvsagt med noko godt i sekken.
Ei lita jente fekk også ein god klem av sjølvaste nissen.
 
Pepperkakebygda byrja å fyllast opp med hus, men enno er det plass til fleire.

Tekst og bilete: Martha Nygård Lande