Utlodning for Krafttak mot kreft

Publisert av: May Britt Meland
1/2/2023 20:57

Den nasjonale innsamlingsaksjonen Krafttak mot kreft er i år i perioden 11. til 19. mars. I butikken Gøy på landet ligg loddbøkene allereie klare.

Sjå på alle dei flotte premiane som er kome inn:

Det vert trekning av loddbøkene 20. mars. Om du ikkje er innom butikken kan vippsa til 91307279 (Rannveig L Helland). Lodda kostar kr 10,- pr stk.

Stort engasjement på Tysnes

I fjor vart det sett eit mål på 2022 registreringar på Blåbærhaugen, og heile 2058 vart registrert. Dette i tillegg til loddsalg og digital innsamling ga eit solid resultat på ca  kr 255 000,- til Kreftforeninga frå Tysnes.

Rannveig Ljostveit Helland fortel til Tysnesingen.no at dei håpar på å slå fjorårets rekord i år, men det blir nok ikkje lett denne gongen. -Vi skal i alle fall prøva!

 

 

I år som åra før har Gerhard Alsaker stilt Blåbærhaugen til disposisjon i perioden 13. til 19. mars. Han gir kr 100,- pr person som går i denne perioden.

– Det vert online innsamling og loddsalg med masse flotte premiar.

Rannveig fortel at det no er 7. året dei har denne aksjonen på Tysnes. Tysnes er kjend i Kreftforeninga over heile landet for stor entusiasme både til å gå til Blåbærhaugen og kjøpe lodd.

I vinterferien, 28. februar, vert det også salf av vaflar og lynlotteri.