Det fyllest på i hyllene

Publisert av: May Britt Meland
23/2/2023 21:35

I ettermiddag og utover kvelden har det vore hektisk aktivitet i lokala til den nye butikken MEIRBRUK. Den sjølvbetjente bruktbutikken bugnar av varer som har meir bruk igjen i seg. Her finn ein eit rikt utval av kle, sko, leikar og elles ting til huset.

I morgon 24. februar kl 08.00 opnar butikken i underetasjen til SvingenPuls med inngang ved Extra.

Butikken er open frå 08-20 og lørdag frå 09-16. Synnøve Bakke fortel at ho vil er på plass denne veka.

Ekteparet Synnøve Bakke og Trond Høviskeland sin visjon med butikken er at det skal verte enklare for dei som bur på Tysnes å få tak i brukte klede, sko og utstyr. -Og samstundes vil ein bidra til å ta vare på klima og miljø ved å bruke opp det som allereie er laga.

Meirbruk er ein sjølvbeteningsbutikk. Lokala er videoovervaka og døra utstyrt med kodelås. For å få tilgang til lokala må ein identifisere seg med mobilnummer. Dette skjer ved at ein sender kodeord «LÅS» til eit telefonnummer, og deretter mottek dørkoda på SMS

Meir om korleis ein nyttar butikken, og korleis ein kan leiga seg plass finn du på Meirbruk si heimeside.