Tysnes husflidslag med ny herrebunad

Publisert av: Martha Nygård Lande
5/9/2025 07:51

Dei siste åra har husflidslaget jobba med ein plan for korleis Tysnes herrebunad kan bli meir tilgjengeleg og i bruk blant tysnesingar. Den har lenge vore vanskeleg tilgjengeleg, både fordi det er få som syr den, og fordi det trengst spesialfarga stoff til deler av den.

Med solid støtte frå Tysnes kraftlag har me no skaffa oss spesialstoffet til bunaden og fått sydd vår eigen Tysnes herrebunad. Den er blitt til gjennom kurs, med kursleiar som sjølv kan sy denne bunaden, samt at velvillige medlemer i laget har produsert dei ulike delene på dugnad.


Planen vidare er å halda jamnlege kurs i å sy bunaden, del for del til ein er i mål med ein heil bunad. Nokre deler trengst det ikkje kurs for å lage, det kan gjerast med hjelp og rettleiing. I medlemsmassen i husflidslaget er det fleire som har vore gjennom heile prosessen. Dei har mykje kompetanse, og hjelper meir enn gjerne til.

Me håpar no at mange let seg frista til gå i gang med sitt eige bunadsprosjekt. Me er avhengige av at etterspurnaden er stor nok til at me får gjennomført planane, så viss du er interessert må du gjerne ta kontakt alt no.

Bunaden som husflidslagsmedlemene har laga, er klar for utleige. Om du vil stasa deg opp, blir du ikkje finare enn oppkledd i Tysnes herrebunad. Den blir levert klar til bruk, (med ferdigstroken skjorte), og husflidslaget tek seg av vask og stell etterpå.

Om du har spørsmål eller er interessert i å leige bunaden, eller å gå på kurs, ta gjerne kontakt på husflidslag: husflidslag.tysnes@haugnett.no