Heidra for lang og tru teneste

Publisert av: May Britt Meland
11/2/2024 08:31

Under klubbkonferansen på Kokstad, laurdag 10. februar vart Tore Økland tildelt NFF sitt honorære stipend. Knut Berge, leiar i NFF Hordaland, overrekte stipendet til Tore Økland som takk for lang og tru teneste for fotballen i Hordaland.

Njardar/Tysnes, som i år kan markere at klubben er 50 år, fortel at Tore Økland er ein som har vore med heile vegen. Han har vore med som kasserar heilt sidan klubben vart stifta. I tillegg til kasserarvervet har Tore mange år som trenar og lagleiar. Han var i lag med Helge Hauge den som starta opp aldersbestemt fotball i Tysnes, og på 70-talet var han ein pionér for kvinnefotballen i Sunnhordland. Tore har og vore ein nøkkelressurs for utvikling av anlegget på Reiso.

Njardar/Tysnes seier det er mange som kan takka Tore, og laget hadde ikkje vore det sama utan.
– Vi vil på vegne av laget rette ei stor takk for innsatsen til Tore!

Foto: Eirik André Hesthamar