Siger til A-laget på Reiso

Publisert av: Vegard Aslaksen
29/4/2018 10:00

Njardar sitt a-lag tok i mot Gneist 3 på Reiso laurdag ettermiddag.
Gjestane vart sendt tilbake over fjorden med 5-1 tap i bagasjen.

Njardar gav gjestene hard motstand og var det laget som var desidert best til å få flyt i angrepsspelet sitt og skapa målsjanser.

Kampreferat; Thomas Hagen - trenar
Litt merkelig kamp der me i dei gode periodane er ekstremt gode og vartar opp med knallgode angrep gang på gang, mens aggressivitet og nøyaktighet manglar i dei mindre gode periodane. Litt av og på kamp med andre ord.

Me har uansett stort sett full kontroll heile kampen og slepp omtrent ikkje Gneist til målsjansar.

1-0 kjem etter 12min der Didrik Milde Thorbjørnsen får et innlegg på bakerste som han headar tilbake i feltet til Børge Pedersen som dempar og set ballen i mål.

8 min etterpå plukkar Aksel Lande opp ein ball på 25meter og klinker den i lengste kryss, via tverrligger.

3-0 Scoringa 41 min ut i kampen er etter ein godt slått corner frå Arild Ebbesvik som Didrik forlenger i lengste hjørna.

Til tross for at Gneist får ein redusering der me søv litt på eit innkast i mot så fortsetter me å produsera sjansar og får uttelling i da 75. min: Endre Vermedal med eit fantastisk flott raid frå høgreback der han til slutt legg ut 45 til Lasse som klinkar inn 4-1.

Det siste målet kjem 5min før slutt der vår 14 år gamle debutant Øyvind Helvik frå venstre spelar Aksel inn i 16 meteren. Aksel hamrar inn 5-1 utagbart for keeper.

Flott avslutning på kampen og ein ny god seier for oss på a-laget.

Desse var med: Kjartan Hagen, Terje Vevatne, Lars Even Stue, Morris Skulstad, Ørjan Pettersen, Lasse Skulstad, Roy Korsnes, Aksel Lande, Arild Ebbesvik, Didrik Milde Thorbjørnsen, Børge Pedersen, Endre Vermedal, Alexander Kleppe, Ørjan Malkenes, Heine Henanger, Øyvind Helvik.

 

Gneist sin keeper var ueinig med dommaren og meinte han burde ha gitt gult kort til Njardar. Ikkje lenge etter vart det Gneist- keeperen som fekk gult kort. I alt fekk Gneist 2 gule kort.