1.Altane under øving i OnarTun. Frå venstre: Aud Kari Økland, Eli Arntsen, Ella Kari Henanger, Karianne Dalland Nesse, Sissel Karin Clausen, Liv Merchant, Rigmor Sjo Fotland og Lina Dalland.

KORKAFÉ med spennande meny

Publisert av: Johnny Helgesen
3/4/2019 16:05

Søndag 7. april inviterer Tysnes kammerkor til KORKAFÉ
i Vonheim. Publikum kan sjå fram til eit variert program
med mykje song og musikk.
Kammerkoret er inne i ein aktiv og innhaldsrik vårsesong. Etter arrangementet i
Vonheim tek koret turen til Huglo siste tysdag i april og arrangerer kulturkveld
der. Neste opplegg vert felles konsert med fleire andre kor under eit
arrangement i Trengereid i byrjinga av mai. Siste helga i mai skal koret vera med
på stor korfestival i Haugesund, og elles kjem fleire av medlemene til å ta del i
dugnad under Tysnesfest.
Viktig kulturberar
I løpet av inneverande , sesong har det gledelege skjedd at koret har fått fleire
nye medlemer. Det har tilført koret ny vitalitet og glød, noko som er eit viktig
grunnlag for det vidare arbeidet for ein sentral kulturberar i lokalsamfunnet.
Under KORKAFÉEN i Vonheim framfører koret to avdelingar. På programlista står
m. a. kjende «Liten fuggel» av Vamp, «Aks av gull» (Fields of gold) signert Sting,
negro spirituals og store kontrastar som «Laudate» og «Ormen Lange». Eit
vakkert stykke av Georg Friedrich Händel får òg publikum høyra, og i tillegg skal
ein solist i aksjon med «Ved havet», som Helene Bøksle har gjort stor lukke
med.
Dyktige medspelarar
For koret er det inspirerande å ha med Anders Bakke, Endre og Eirik Hodneland
denne gongen. Dei har alltid mykje å by på, og dei er dyktige musikalske
formidlarar. Anders skal også leia allsongen, noko han meistrar svært godt. Det
synte han på ein overtydande måte med «Maratonallsongen» under Tysnesfest
i fjor.
På «Menylista» i Vonheim står elles åresal, matpause med kaffi og kaker og
nokre song- og musikkinnslag utanom koret sine to avdelingar. Koret vonar
mange møter fram til ei triveleg stund i ungdomshuset.​


Benedikte H. Nygård er solist i «Ved havet», akkompagnert av dirigent Trent
Bruner.


For koret: Hans Ole Dalland (tekst og bilete).