Tur til Trollparken 10-14 Oktober med 10. Klasse

Publisert av: Johnny Helgesen
16/10/2018 07:19

Vi reiste frå Våge onsdag kl. 08.00. med buss, Olav Kaastad var sjåfør. 31 tiendeklassinger og meg og Morten Christensen. Var rett og slett veldig heldig med været, hadde litt yr på laurdag formiddag.

Onsdag ettermiddag/kveld var det innsjekking på hyttene og middag, ellers avslapping. Dei neste tre dagane var det to aktiviteter kvar dag.

 

Torsdag var me med på Team challenge på formiddagen. Ein del gruppeoppgaver dei skulle løyse saman. HLR, Legobygging kanopadling, fylling av vannrør med hull, løype der dei holdt renner og røyr for å føre ein golfball ganske langt og andre oppgåver der det var viktig med god strategi. På ettermiddag var det klatring i klatrevegg, pil og bue skyting og sykling på bane.

Fredag formiddag var det fjellklatring og rapellering. 5 forskjellige «løyper» i fjellsida og ei Rappeleringsøype. Mange utfordra seg sjølv ganske så mykje! På ettermiddag var det Lasertag ( skyting med laser våpen). Vart delt inn i to lag. Alle som var med, vart veldig engasjert.. Eg og Morten gløymte litt at me ikkje var like ung som dei andre, der me sprang rundt i den våte myra… Kjente det både her og der etterpå… Men utrulig kjekt.

Lørdag formiddag var det klatreparken som stod på programmet. Der hadde dei 5 forskjellige løyper. 2 grønne, 2 blå og ei svart( merka etter vanskelighetsgrad) Utrulig mange tøffingar som utfordra både det fysiske og psykiske. ,

 

Lørdag ettermiddag var det Rafting. Det trur eg var det absolutte høydepunktet for fleire. Spennande, litt skummelt,knallgøy og veeeeldig vått. Kvar båt hadde eit lag namn, som hadde heia rop og som hadde «vannkrig» med dei andre båtane innimellom. Me fekk og prøve korleis det var å svømme ut av strømmen elva. Ganske tungt og litt kaldt..7 grader var det i vatnet. Instruktørane hadde det ganske kjekt og.. Nokon fekk seg et ekstra bad, for dei måtte svømme etter båten, andre vart kasta uti.

Dusjen etter denne aktiviteten var ubeskrivelig fantastisk. Så var det middag og å begynne å rydde/pakke for heimreise søndagen. Alle på kjøkkenet og instruktørane snakka engelsk, så det vart øving i det engelske ordforrådet også. Et par av dei var så kjekk at nokre av jentene kunne tenkt seg å ha dei med til Tysnes.

Eg har berre positivt å sei om Trollparken. Utrulig dyktige og fokuserte instruktørar, og kjekke aktiviteter. Alle i 10.klasse oppførte seg suverent, ikkje ein ting eg kan klage på. Rett og slett ein herlig gjeng å vere samen med. Dei på kjøkkenet sa til meg på lørdagen: « You have the best behaving kids I have seen in a while» og det seier jo litt om denne fantastiske gjengen!

Takk for ein uforgløymeleg tur!

Tekst og bilde: Linn Larssæther Frøkedal og Morten Christensen