Meisterkokk Ørjan Johannessen i aksjon på Mandelhuset

Publisert av: Martha Nygård Lande
16/2/2020 09:58

Har du ikkje prøvd eit måltid av mesterkokken Ørjan Johannessen enno, så er det verdt å ta turen til Mandelhuset neste laurdag, seier Patrick Madsen, dagleg leiar på Mandelhuset. Då kjem stjernekokken frå Austevoll til Tysnes, og skal tilberede 5 rettar av lokale råvarer frå Tysnes.

Ørjan Johannessen kjem frå Austevoll og vaks opp på kjøkkenet med kokkeforeldra sine ved Bekkjarvik Gjestgiveri. Han er to gonger kåra til Årets Kokk i Noreg, han vann Bocuse d’Or Europe i 2012, og i 2015 vann han Bocuse d’Or i Lyon (VM i kokkekunst).

Foto: Nina Birgitte Røed Borgenvik / NTB scanpix

 

Dette gleder me oss til, seier Madsen, og ynskjer alle velkommen.