Frå venstre: Olai Dalen Hagen, Lukas Aleksander Nesse, Frida Smith Skaten og Ellinor Stien Instøy

Stor aktivitet i Njardar

Publisert av: Martha Nygård Lande
2/4/2024 20:42

Fyrstkomande søndag, 7. april, er det fotballens dag på Reiso.

Det er mange lag som skal spela, både jenter og gutar. Du kan lesa meir om kva lag og tidspunkt for kampane her.

Kiosken er open og utstyrsleverandøren Macron skal også vera der.

Det er også flott at 4 spelarar i Njardar har gått videre på sonesamling i 12-års kullet. Det er fyrste gong Njardar har 4 spelarar med videre frå eit kull. Desse fire er Olai Dalen Hagen, Lukas Aleksander Nesse, Frida Smith Skaten og Ellinor Stien Instøy.