Tur til Øykjafjellet

Publisert av: Martha Nygård Lande
30/3/2022 11:22
På søndag blir det tur med Tysnes turlag frå Skjellevik til Øykjafjellet.

Fyste delen av turen går i bratt terreng gjennom lauvskog oppetter den gamle stølsvegen i Setrabekko til mjølkeplassen Ytre-Setre. Midtvegs i Setrabrekko er kvilestaden Kvilene. Ovanfor Ytre-Setre kjem ein opp på eit platå og stien deler seg mot Salsborgjo i sør og mot Øykjafellet i nord.

Turen vidare nordover går for det meste i lett terreng. Nedenfor i nord ser ein Karsteinsvatnet og Kuvatnet. Ved varden på Øykjafjellet er ein 368 moh. Turen ned er igjen bratt i fyste delen. Stien flater ut og snirkler seg gjennom skogen til Kreklo. Til slutt følgjer me bilvegen til parkeringsplassen.

Totalt er turen på om lag 5 kilometer. Me beregner 4 timar inkludert pauser. Høgdeskilnad er 30 – 368 moh. og det er bratt både opp og ned.

Sjå her for klokkeslett, parkering m.m.