Eit fantastisk skue i Våge hamn. Foto: Våge Gjestehamn

Nærmare 60 “prinsesser” i Våge

Publisert av: May Britt Meland
23/9/2019 08:34

I helga var det mange flotte båtar å sjå i Våge Gjestehamn, heile 57 staselege Princess båtar.

Princess Yachtklubb Vestlandet har i fleire år lagt haust-treffet sitt til Tysnes. I år falt valget på den store og flotte gjestehamna i Våge.

Tom Michelsen ved Princess Yachtklubb Vestlandet, fortel at medlemmane i fleire år har skaffa og stelt i stand skalldyrbuffé sjølve. I år valgte dei å ta i mot tilbodet frå Mandelhuset, noko dei ikkje angrar på. -Arrangementet er forresten det største selskapet Mandelhuset har servert til no, med 170 personar (151 vaksne og 19 born).

Dette haust-treffet er truleg Norges største båt-treff med 57 båtar fordelt på medlemmer frå Rekefjord i sør til Lindås i nord. -Haugesund stilte mannsterke og kom med 12 båtar!

Båtentusiastane har to årlege treff, eit om våren og eit om hausten. Vårtreffet på Bekkjarvik er meir høgtideleg, medan haust-treffet er ein meir uhøgtideleg samankomst med skalldyr på menyen.

Michelsen fortel at dei i klubben er så heldige å ha eit medlem som driv “Cosmos Fyrverkeri”. -Han sponsar oss med ei skikkeleg bra oppskyting som markerer finalen for ein endt sesong.

I eit strålande haustver vart dette ei fantastisk helg for båtentusiastane.

Laurdagskvelden vart avslutta med eit fantastisk fyrverkeri.

Alle foto gjengitt med tillatelse frå Våge Gjestehamn og Våge Sentrum.