Illustrasjonsbilete

OBS! Korona oppdatering frå kommunen

Publisert av: May Britt Meland
19/3/2021 18:19

Ein person på Tysnes har fått påvist koronasmitte

Ein person på Tysnes har i dag fått påvist koronasmitte.

Det er så langt registrert 30 nærkontaktar på Tynses, som er satt i karantene.

Det er lagt opp til at nærkontaktar med symptom vert testa i løpet av helga.

Smittevegen er kjent. Vedkommande vart smitta i Bergensregionen. Prøven vil bli sjekka for mutert virus.

Me vil oppdatere med informasjon på kommunen si heimeside om situasjonen utviklar seg.

Tysnes kommune vil oppmoda alle om å være ekstra nøye med å følge gode rutiner for smittevern.