Søndagstur til Øykjafjellet

Skjellevik
3. april kl. 11:00
Søndagstur frå Skjellevik til Øykjafjellet.

Om turen:
Tur for voksne. Fyste delen av turen går i bratt terreng gjennom lauvskog oppetter den gamle stølsvegen i Setrabekko til mjølkeplassen Ytre-Setre. Midtvegs i Setrabrekko er kvilestaden Kvilene.
Ovanfor Ytre-Setre kjem ein opp på eit platå og stidele mot Salsborgjo i sør og mot Øykjafellet i nord.

Turen vidare nordover går for det meste i lett terreng. Nedenfor i nord ser ein Karsteinsvatnet og Kuvatnet. Ved varden på Øykjafjellet er ein 368 moh. Turen ned er igjen bratt i fyste delen. Stien flater ut og snirkler seg gjennom skogen til Kreklo. Til slutt følgjer me bilvegen til parkeringsplassen.

Totalt er turen på om lag 5 kilometer. Me beregner 4 timar inkl. pauser. Høgdeskilnad er 30 – 368 moh. og det er bratt både opp og ned.

Ta med egen niste og drikke, kle etter vær og et ekstra kleslag til pausen.

Møte: Turparkering ved Skjellevik (sjå kart).
Ved spørsmål, ta kontakt med turleder Sabine Koch på 48341105.