Torsdagsturistar i vårsola

Torsdagsturen på fyrste vårdagen

Publisert av: May Britt Meland
5/4/2019 08:48

18 personar vart skyssa ut til Store Godøy frå Gåsavik torsdag, 4. april. Tolleif Henanger skyssa oss ut i tre vender med seks passasjerar kvar gong.

Tolleif Henanger i kjømda.

 

På Store Godøy var våren kome litt lenger enn snittet på Tysnes. Ramslauken hadde laga teppe på bakken med opningar der kusymra spratt fram.

Ramslauk så langt auga rekk

 

Kusymre

 

Rolf Røssland

 

 

Tysnes si stolthet…ein gong

 

Wenche Strømme

 

På vegen ut til Austrevågen varma vårsola godt, og “ho vi kjenner” sjekka badetemperaturen.

Badeturist i Austvågen

 

Ei stor takk til Tolleif som tok oss med ut ein stad der vi vanlegvis ikkje dreg.
Neste torsdag møtest vi ved ridebana på Myklestad og ruslar ei løype som hittil er uutforska.

 

Tekst og foto: Per Verne Aase, Tysnes Frivilligsentral