Anne Merete B. Dalland, her i rolla som Lina Sandell.

Salmekveld

Publisert av: May Britt Meland
20/2/2018 08:45

Jurgita Bubilaite inviterte til salmekveld!

Mange hadde funne vegen til Tysnes kyrkje måndag kveld, då organist Jurgita Bubilaite inviterte til salmekveld. Tema for kvelden var Lina Sandell sine salmar. Åse Enes fortalde om livet og forfattarskapen til Sandell, og ho snakka om bakgrunnen for fleire av salmane.  Anne Merete B. Dalland, for anledninga kledd i 1800-talskjole, spela rolla som Lina Sandell, og gav oss eit godt innblikk i livet til den svenske salmediktaren. Hans Ole Dalland og Inga Gjerstad var forsongarar på nokre av salmane.


Hans Ole Dalland var forsongar.

I salmeboka er fleire av salmane til Sandell komne med. Dei mest kjende er gjerne ”Blott en dag”, ”Ingen er så trygg i fare” og ”Bred dina vida vingar”. Me song både desse og fleire av dei andre  salmane hennar. Me som fekk delta på salmekvelden vil takka Jurgita og medhjelparane hennar for ei fin stund i kyrkja.

Tekst og foto: Helga Kristine Haaland