Toalettbygg i Peralio friluftsområde opna

Publisert av: May Britt Meland
7/9/2022 21:03

Båtlaget Njord/ Tysnes melder i dag at det offentlige toalettet for det kommunale friluftsområdet i Peralio er no open for almennheita.

Toalettilbygget er bygd som eit tilbygg i tilknytning til Njordstø. I tilbygget finn ein eit HCWC og eit vanleg WC.

Ytterdøra er låst med elektronisk lås. For å kunna opna døra og få tilgang til toaletta lyt ein betala 5 kr med kort i kortautomaten som står til venstre for døra – sjå bilde. På innsida av ytterdøra er det brytar for å opna døra når ein skal ut.

.

.

Mellom 2300 og 0800 er toalettbygget stengt og det vil ikkje vera mogleg å få tilgang.

Det er investert mykje for å få på plass dette toalettbygget både i dugnadstimar og gjennom støtte fra @tysnes kraftlag as, Bergen og Omland Friluftsråd – BOF og gjennom spelemidlar.

Me vonar difor besøkande viser omsyn og farer fint med fasilitetane:)
Båtlaget Njord/Tysnes syter for tilsyn og reinhald.