Monsterbesøk på Miklastofa

Publisert av: Martha Nygård Lande
20/2/2022 18:46

Barnas Turlag Tysnes Turlag i samband med Tysnesbiblioteket hadde monstebesøk på dagsturhytta Miklastofa i dag!

Trass i snøstorm møtte det 45 stk til dette uteteateret. Etter framsyninga, som varte i ca 30 min, delte Barnas Turlag ut varm saft og varm suppe frå bålpanna.

Monsterbesøk byggjer på den nynorske biletboka med same namn av Áslaug Jónsdóttir, Rakel Helmsdal og Kalle Güettler, omsett av Tove Bakke. Denne boka er den femte i den populære serien som forfattartrioen frå Island står bak.

Dagsturhyttene med turbiblioteka, er ein ideell formidlingsarena.

Storemonster og Veslemonster er bestevener. Dei har det alltid kjekt i lag. Men ein dag, då Storemonster vil leike, kan ikkje Veslemonster, for Raggmonster er på besøk. Det er ikkje noko moro å leike aleine. Skal tru om dei kan leike saman alle tre?

I denne vesle figurteaterframsyninga om kor vanskeleg det er å vere tre, møter dykk Lys levende Adele i alle rollane.

Andre samarbeidspartnarar var Bibliotekutvikling og Folkeakademiet i Sogn og Fjordane og Hordaland, Folkeakademiet og Vestland fylkeskommune.

 

Tekst og bileter: Rebekka Høgestøl