To flotte konsertar å glede seg til i Kulturkyrkja

Publisert av: Martha Nygård Lande
7/4/2024 11:48

Sigvart Dagsland Trio 4. mai 2024

Opplev Sigvart Dagsland i ein unik setting i Kulturkyrkja Onarheim.

Ei konsertoppleving med Sigvart Dagsland er ei unik hending, og eit møte med ein artist som beherskar publikumsrommet til fulle. Gjennom sin totale tilstedeværelse og uovertrufne stemme tar han menneske med seg; frå det sårbare menneskelege til kraftfulle stemningar og vokalprestasjonar. Alltid med eit skrått og tidvis gapskrattande blikk på tilværelsenes mange fasettar. Alltid med ein djup respekt for dei banda som binder artist og publikum, fortel og lyttar i saman.

I bagasjen denne gangen har han med seg nye låtar, eldre låtar og stein-gamle låtar. Med seg på scena har han, foruten seg sjølv på song og flygel, Torjus Vierli på keyboards & kor.

Du kan lesa meir om tidspunkt og kjøp av billettar her.

Inger Lise Hope 14. juli 2024

Inger Lise har lenge vore ein yndling på Tysnes med sine uforgløymelege konsertar. Med ei imponerande karriere på både store og små scenar, har hennar evne til å røre ved hjarta til publikum gjort henne til ein ettertrakta artist. Hennar store spennvidde som songa strekk seg over ulike sjangrar, frå musikal til pop, og alt imellom.

I 2024 tok Inger Lise utfordringa i The Voice på Tv2, der ho allereie har vist seg som ein sterk konkurrent. Med duell på sjølve kvinnedagen har ho ei spennande tid i vente, og me har stor tru på at ho vil skine også på denne scena.

Gled dykk til ein kveld med stor musikalsk breidde i Kulturkyrkja på Onarheim, som ein storslått avslutning på Tysnesfest 2024.

Du kan lesa meir om tidspunkt og kjøp av billettar her.