“Ein kveld i Disneys magiske verden”

Publisert av: Johnny Helgesen
10/3/2019 09:02

Mange hadde tatt turen til Vonheim denne laurdags ettermiddagen, for å høyra Bergen Vocalis framføra kjende songar frå Disney sine flotte filmar. Før konserten starta, gjekk det prinsesser rundt og delte ut snop til borna. Koret hadde kledd seg i rette kostymer, som passa til ein magisk verden, og dei bidrog med morosame innslag undervegs.


Med på konserten hadde dei også fem musikarar frå Griegakademiet, som gjorde at ein fekk den rette Disney stemninga.
I pausen var det salg av saft, kaffi og kaker.


Koret trivdes tydeligvis med dette reportuaret, for det såg ut som dei hadde det kjekt på scenen. Dette var ein flott konsert, og både store og små såg ut til å kose seg.

Tekst og bilder: Martha Nygård Lande