Bjarte Erstad og Patrick R. Madsen gler seg til fiskekonkurranse! Foto: Tysnesingen.no

Test fiskelukka di

Publisert av: May Britt Meland
6/8/2020 17:11

Laurdag 8. august vert det fiskekonkurranse på E-brygga i Våge.

Det er Tysnes Jakt & Fiskelag som arrangerer, og konkurransen er frå kl 11.00 til kl 14.00.

Er du ikkje av dei som får den største fisken, kan du stikke av med seieren blant dei som får flest fisk!

Det vert premiering i klassane
0-6 år
7-12 år
13-16 år
Voksen

Deltakarar må ha med eige utstyr, samt at barna må ha redningsvest.
Oppmøte og påmelding ved styrehuset.