Alvin Siglevik Lunde "tar av" framfor Fitjar målet

G13 Viste musklar på bortebane

Publisert av: Vegard Aslaksen
27/5/2018 22:35

G13 Njardar/Tysnes viste ingen nåde mot Fitjar på Fitjar Kunstgrasbane på Søndag. Heimelaget gav i perioder god motstand men det var Tysneslaget som var desidert flinkast å bryta gjennom med angrepsspelet sitt.

Det vart veldig varmt i sommarheten på Fitjar på Søndag. Sola varma om kapp med angrepsspelet til gutane sjølv om det tok ei stund før det fyrste målet kom. Mange overgangar gav oss til slutt ein fortjent 8-1 siger mot Fitjarbuen. Laget står no med 4 sigrar på 5 kampar og spelar neste seriekamp heime mot Halsnøy fredag 8 Juni, skriv trenar Ronny Hagen til Tysnesingen.

Temperaturen viste 31 grader og Njardarkeeperen Joakim spøkte med at det ikkje var noko særlig hjelp i desse viftene dei hadde installert på Fitjarfjellet i bakgrunnen.

 

Det var framfor Fitjar målet det meste gjekk føre seg. Her slår Tobias corner for Njardar

 

Theodor legg inn for Njardar

 

Petter held oppe momentet fram mot mål

 

.. og scorer

 

Jonas Hagen i duell

 

Vinn duellen, spelar seg fri og får lagt inn fram for mål

 

Flott servert til Noah som scorar

 

Litt skugge mot slutten og eit lite vindpust, (eit naturleg som sådan), gjorde nok godt for spelarane som heldigvis fekk seg nokre ekstra drikkepausar i løpet av kampen.