Foto: Tysnesingen.no

Gode resultat i Tysnes Sparebank

Publisert av: May Britt Meland
17/11/2019 12:00

Godt 3. kvartal i Tysnes Sparebank.

Tysnes Sparebank oppnår eit resultat før skatt på 28,8 millionar kroner etter 3. kvartal 2019. Dette er 6 millionar kroner betre enn på same tid i fjor.

 

Forvaltningskapitalen til banken inkludert lån via boligkredittforetaket, er på om lag 3,7 milliardar kroner. Veksten sidan årsskiftet er på 8 %.

 

«Banken er nøgd med den gode utviklinga som har vore dei siste åra, så langt i 2019 syner tala at vi er i god driv og aukar marknadsandelen til banken i regionen» seier banksjef Dag Sandstå.

 

Brei kontorstruktur

Tysnes Sparebank har hovudkontor i Våge på Tysnes og salskontor på Stord og Husnes. I tillegg har banken etablert møteplasser der banken møter kundane i deira nærmiljø.

 

«Lokal tilstedeværelse kombinert med dyktige medarbeidarar som kjenner lokalsamfunnet har vore suksess-oppskrifta for den veksten banken har hatt dei siste åra» uttaler banksjef Dag Sandstå.

 

Opnar nytt kontor på Halsnøy idag

Banken opnar i dag ein ny møteplass på Sæbøvik på Halsnøy. Det er i dei gamle lokala til Sparebanken Vest på Sæbøvik kundane no kan møta Tysnes Sparebank saman med Aktiv Eiendomsmegling.

 

«Det er eit flott konsept dei lokale initiativtakarane på Halsnøy har gjort når dei har lagt til rette for vår nye møteplass på Sæbøvik, det gjer det enkelt for kundane våre å treffa lokalkjente bankmedarbeidarar i sitt eige nærområde» seier banksjefen.