Foto: Magne Ove Kleppe

Ei flott avslutning på vinterferieveka

Publisert av: May Britt Meland
5/3/2023 21:05

Søndag arrangerte Tysnes Turlag guida tur på øyane utanfor Gåsavik. Wenche Strømme fortalde om historia til Godøysund Fjordhotell og korleis det var å vekse opp i dette øysamfunnet som var eit ferieparadis for mange etter krigen.
Turen gjekk vidare ut på Maurholmen med medbrakt matpakkelunch i vika nærmast Verdens Ende.

Magne Ove kleppe var ein av mange som fekk seg ein fantastisk tur i eit strålande vårvær. Her er eit lite knippe av bildene hans frå turen:

Foto: Magne Ove Kleppe