«Terje Vigen» i Kjevikjo

Publisert av: Martha Nygård Lande
16/12/2018 10:36

«Terje Vigen» i Kjevikjo

Det er ei sann glede å ynskje Helge Jordal og «Terje Vigen» tilbake til Kjevikjo!

Kjevikjo er ein magisk plass. Heilt sidan 2009 har me hatt konsertar og framføringar i Vestlandets vakraste lagune. No er det eit par år sidan sist, men i 2019 kan du gleda deg til å sjå Helge Jordal framføra Henrik Ibsens episke dikt «Terje Vigen» frå scena her. Helge si rungande stemme, idyllen i Kjevikjo, og musikken frå dei dyktige musikarane hans er garanti for den deilige gåsehudkjensla.

Ibsen skreiv diktet om Terje Vigen i 1861. Han tok utgangspunkt i forteljingar frå sørlandskysten under napoleongskrigen og kornblokaden tidleg på 1800-talet. På denne tida var Danmark/Norge i krig med mellom andre England, som hadde innført handelsblokade og dermed kutta all kontakt mellom Norge og Danmark. Dette førte til hungersnød i Norge. Diktets hovudperson blei tatt av eit britisk marinefartøy, og sendt i krigsfangenskap i Storbritannia.

Helge Jordal (72) treng ingen nærare presentasjon. Han er kjent frå ei lang rekkje store rollar både på scene og lerret dei siste fire-fem tiåra, mellom anna for sine heilt legendariske tolkningar av «Jeppe på Bjerget» og hovudrolla i storfilmen «Orions belte».

Fyrste gong me arrangerte noko i Kjevikjo, var det nettopp Helge Jordal og «Terje Vigen» som sto på plakaten. Det var så bra at me no tek sjansen på ein reprise. Dette bør du ikkje gå glipp av!

 

Me har dei to siste åra hatt ein pause frå Kjevikjo og arrangert konsertar på Solstråleøya. Me har fått eit utal av attendemeldingar frå folk som ynskjer å få Kjevikjo tilbake som arena.  Då blir det ekstra kjekt å få arrangera ei slik framføring i Kjevikjo igjen. Tysnesfest er veldig oppteken av å bevara idyllen på denne badeplassen, og vil oppmoda publikum om å både ta godt vare på staden, og å kaste alt bosset sitt i bosspanna som blir satt ut.

 

Med venleg helsing
Øystein Vaage
Dagleg leiar / CEO
Stiftinga Tysnesfest