Illustrasjonsbilete

Ingen nye smittetilfelle i veke 11

Publisert av: May Britt Meland
19/3/2021 14:37

Her er hovudpunkta frå møte i kommunal kriseleiing (KKL) fredag 19. mars

Ingen ny tilfelle med Covid-19 på Tysnes i veke 11

Det er ingen nye tilfelle med covid-19 på Tysnes.

Koronavaksine

AstraZeneca fortsatt mellombels stansa

Vaksineringa med AstraZeneca er fortsatt mellombels stansa i samsvar med nasjonale føringar.

Til dei som har fått AstraZeneca vaksine, ved vedvarande sjukdomskjensle, uvanlege blåmerker eller tegn til blødning i huda eller andre tegn på alvorlig sjukdom, oppmodar FHI om å ta kontakt med helsetenesta for ein vurdering.

Pasientane med alvorlig blodpropp, bløding og låge blodplater har fått symptom innan dei fyrste 14 dagane etter vaksinering.

Vaksinering i veke 12 og 13

Tysnes kommune vil gjennomføre vaksinering i påskeveka. Me forventar 9 hetteglas med vaksine i veke 12, og 7 hetteglas i veke 13.

Auka intervall mellom fyrste og andre dose

For nokon av vaksinetypane vert det satt to dosar med vaksinane. Dei nasjonale retningslinene seier no at det er eit auka intervallet mellom dei to dosane, med mål om å gje flest mogelig fyrste dose tidligare. Det er vurdert at ein dose gjev ein god beskyttelse mot alvorleg sjukdom og død ved koronasmitte.

Innkalling til vaksinering

Det er ikkje naudsynt å kontakte legekontoret for å få vaksine. Tysnes kommune følgjer dei nasjonale retningslinene for prioritering. Alle som får tilbod om vaksinering vil bli kontakta på telefon av legekontoret. Du finn oppdatert informasjon om koronavaksinering i kommunen her: Koronavaksine i Tysnes kommune

Kven får tilbod om vaksinering?

Tysnes kommune følgjer dei nasjonale retningslinene for prioritering. AstraZeneca er hovudsaklig gitt til helsepersonell og dei under 65 år. Ein vil derfor sjå at det at nokon yngre, og personar utan underliggande sjukdom, er vaksinert før alle over 65 år og dei i risikogrupper har fått vaksine. Her kan du sjå nasjonal prioriteringsrekkefølge av risikogrupper.

Vaksinert kan fortsatt være smitteberar

Vaksinen skal fyrst og fremst beskytte den vaksinerte mot alvorleg sjukdom og død ved koronasmitte. Det er førebells usikker om dei vaksinert er smitteberarar som kan smitte andre. Det er viktig at dei som er vaksinerte følgjer dei same smittevernreglar og retningsliner som resten av befolkninga.

Smittetrykk i regionen

Me opplever no at det er eit høgt smittetrykk i kommunane sør for Tysnes. Me vil oppmoda alle om å unngå unødvendige reiser til kommunane med høgt smittetrykk. Dersom ein må reise ut av kommunen, må ein følgje reglane for smittevern som gjeld i kommunen ein oppheld seg i.

Påske

Hytteturistar er velkomne til Tysnes i påska.

Tysnes kommune vil presisere dei nasjonale retningslinene som gjelder ved reise. Alle må følgje dei strengaste retningslinene som gjeld anten i kommunen ein bur i, eller kommunen ein kjem til. Hytteturistar som kjem frå kommunar med strengare smittevernreglar, skal følgje disse også når ein oppheld seg på Tysnes.

Smittestopp

Smittestopp er ein app frå Folkehelseinstituttet (FHI) som skal bidra til at hindre koronaviruset i å spreie seg i samfunnet. Den har kome i ein ny utgåve som betre skal sikre den einskilde sitt personvern.

Smittestopp kan lastast ned frå Googel Play eller App store på telefonen. Du kan finne meir informasjon om Smittestopp her.

Tiltak i Tysnes kommune

Me viser til at nasjonale reglar og retningslinene i sin heilhet også gjeld for Tysnes kommune. Oppdatert informasjon kan du finne på www.helsenorge.no/koronavirus, eller ved å følgje lenkja under:

HelseNorge.jpg

Status for dei einskilde tenesteområda i kommunen vert oppdatert her: Samla informasjon om tiltaka i Tysnes kommune