Julequiz

Publisert av: Vegard Aslaksen
23/12/2018 10:11

Vart du frista av den flotte julekorga som vinnaren av fotokonkurransen fekk? Fortvil ikkje, i morgon startar me ein liten julequiz der du kan vinna ei slik korg med mykje godsaker i.

Me vil leggja ut tre nye spørsmål kvar morgon fram til og med torsdag. Fyrste delquiz kjem i morgon på julafta. I alt er det 12 spørsmål ein må svara rett på for å bli med i trekninga om premien. Frist for å senda inn svar er fredag kl 1200. Då vil me trekkja ein vinnar.

Svar på dei 12 spørsmåla sender du til post@tysnesingen.no. Oppgi namn og telefonnummer.