Foto; Tommy P. Gundersen

Ta sjansen med Tande P

Publisert av: Vegard Aslaksen
15/7/2018 13:16

Laurdag var det duka for Ta Sjansen under Tysnesfest og Tande P var hyrt inn som konferansier for anledninga. Solskinnet kom som bestilt og DJ Helge spelte opp med spenningsmusikk etter kvart som dei mindre sjødyktige farkostane vart sendt utfor rampen ein etter ein. Det heile gjekk veldig fint for seg utan uhell eller skadar – ser ein bort i frå dei mange forlisa som publikum vart augevitne til under tevlinga. Men det er jo mykje av poenget med Ta sjansen. Kvar og ein fekk på behørig vis kommentert alt frå farkost, utsjånad på redningsvest og innsats av Tande P, som ikkje er den mest beskjedne personen ein kan gje ein mikrofon til.

Fyrste båt ut var brannvesenets gummiflåte som fekk testa både “føre” ned rampa og flyteevna med dei to topptrente brannfolk på. Deretter var det alle dei sjølvbygde farkostane sin tur. Vinnaren vart til slutt båten frå “Lunde Båtbyggjeri” med Yngve Vevatne og Vidar Storesætre, som lukkast med siger etter å ha delteke for tredje gong på Ta Sjansen.

Foto; Tommy P. Gundersen

Tande P intervjua Tommy Hansen etter han hadde sett utfor med forskalingsfarkosten sin

 

Mange hadde samla seg rundt rampen i Våge for å få med seg Ta Sjansen

 

Vinnarbåten på veg ned rampa.

 

Dei fleste må leggja på svøm for å nå fram til bøya ved målgongen

 

Intervju med vinnarane