Arkivfot frå halvmaraton i København september 2018. Foto; Stord friidrett

Raskast på 3000 m

Publisert av: May Britt Meland
3/2/2019 16:39

Det vart ein sterk siger til Pernilla Eugenie Epland på 3000 m i dag under innendørs-NM for Friidrett i Haugesund.

Pernilla vann på tida 9.34.20.

Pernilla seier til Tysnesingen at ho er veldig fornøyd med sigeren. Ho fortel at det vart litt tungt etter ca 8 rundar, dermed måtte ho gje ei luke til Tessa Frenay frå Halden. Heilt på slutten avløpet kjende ho at det var krefer igjen, og avslutta med ei sterk sisterunde. Dermed var gullet sikra!

Tysnesingen gratulerer den spreke dama frå Tysnes!!

Ei jublande Pernilla Eugenie Epland på seierspallen! Foto: Lars Petter Epland