Opna sjølvbetent lokalmatbutikk

Publisert av: May Britt Meland
13/11/2022 09:50

Laurdag 12. november var ein stor dag for Garden på Dalland ved Irene Dalland og Fru Aarvik ved Ranjeeta Aarvik. Ideen om ein sjølvbetente lokalmatbutikk er blitt til butikken Matskattar. Varer frå ei rekkje lokale produsentar er på plass i hyllene, og den ofisielle opninga laurdag var ein suksess.

Takka være midlar frå Tysnes Kraflag var det mogleg å realisere draumen om lokalmatutsalet.

Her kan ein finne eit rikt utval varer, og kjøpe direkte frå produsentane utan mellomledd.

Butikken vil være sjølvbetent mandag til lørdag. Dei fleste laurdagane framover vil også Fru Aarvik være tilstades med ferske bakevarer.

 

Så langt er det klart at desse produsentane blir ein del av det nye butikk-konseptet:
Fru Aarvik
Garden på Dalland
Myrdal gard
Tveitakjerring
Vossabia
Tysnesfellen v. Jorunn Økland
Isrosa
Homlagarden
Lygre Livsgard (i sesong)
Siw Raw
Heljetunet (øko epler og juice)

Her er litt praktisk info om korleis du betalar for varene du ynskjer å kjøpa:
Opningstider i den nye sjølvbetente lokalmatbutikken i Våge, er 10-16 frå måndag til laurdag. Samme opningstid som Ivyelli As i samme bygg.
Betalingsform er KUN Vipps. Det er ikkje bemanna i denne butikken og kvar betaling går direkte til produsent. Difor er det berre mogleg med VIPPS slik det er no.
Dobbelsjekk at du vippser til rett nummer når du handler Hyller og produkter er merka. Kom gjerne med attendemeldingar dersom noko kan forbetrast/bli synligare
Skal du handla hjå fleire må du vippse fleire gongar. Denne ekstra jobben du gjer med betaling gjer at produsentene sitt att med sin eigen forteneste!

Alle foto: Irene Dalland, Garden på Dalland