Sundags- akademiet

Publisert av:
7/10/2013 06:22

6. oktober hadde Sundagsakademiet besøk av forteljekunstnaren Anne Elisabeth Skogen. Ho tok oss med på reise “Med Restauration til Amerika” – det første norske emigrantfølgjet som segla over Atlanteren til Amerika i 1825. Så fasinerande var det å høyra på, at ein nesten var om bord på skipet.

Sjølv om ho bur i Sand i Ryfylke, er ho mykje på Tysnes – nærare bestemt på Amland der ho og mannen Ernst Berge Drange har fritidsbustad.

På biletet er ho saman med båt- og fartøyeksperten Harald Dalland.

Og som vanleg – herleg kaffimat av Bondekvinnelaget!

Tekst og foto: Olav Skjellevik