Plastsamling i Amlandsstøfjøro

Publisert av: May Britt Meland
7/5/2018 17:45

Forrige veke var det storaksjon over heile landet, der det var rydda plast og anna boss frå strender og ellers i naturen. Rundt om på Tysnes plukka både små og store boss.

Per Verner Aase fortel at Hålandsneset Grendalag plukka 15 sekkar med plastavfall i Amlandsstøfjøro.

-Det var ein fin gjeng på 22 koste seg i strandkanten etter ryddedugnaden. – Litt vind, men kva gjer vel det når vi har bål, pølser og brus, legg Aase til.

Foto: Per Verner Aase