Strandrydding på Ånuglo

Publisert av: Dagfinn Sandvik
6/9/2018 09:46
Tysdag 4. september vart det gjennomført ein strandryddingsaksjon i Vedavika på Ånuglo, i regi av Stiftinga Kystsogevekene, FN-sambandet i Bergen og Bergen og Omland Friluftsråd.
.
.
Seglskuta Seladon gjekk skytteltrafikk over Hardangerfjorden frå Herøysund med til saman 32 barn frå 3., 4. og 5. klasse + 4 barnehagebarn frå Bringedalsbygda skule og barnehage. Litt ut på dagen dukka ordføraren i Tysnes kommune, Kaare M. Kleppe, opp. Det same gjorde Hardangerjakta Mathilde med ein annan gjeng på 18 elevar, som er på vekeslangt leirskuletokt. Desse elevane går i 8. klasse ved Leveld og Torpo skule nær Ål i Hallingdal.
.
.
.
Alle tok til seg dagens motto: «Me er moderne sjørøvarar på tradisjonelle skuter og skatten me grev fram er ein litt reinare planet». Etter iherdig innsats frå dei tilsaman 50 borna vart det samla i hop til saman ni store «big bags» som veg mellom 60 til 80 kilo kvar.
.
.
.
Gravemaskin må til
Borna syner eit stort engasjement og er overraska over at plasten somme stader ligg metertjukk. Ein stor del av stranda er tilsynelatande grøn og fin ved fyrste augekast, men ser ein nærare på tilstanden er det kanskje så mykje som 80 prosent plastavfall og berre 20 prosent biomasse. For at Vedavika skal få seg ein totalvask trengst det nok ei vitjing av ei gravemaskin.
Når ein går langs strandlinja, kjennest det nett ut som at kavringar og knekkebrød knuser under skoa. Det er mykje restar av norsk emballasje, og avfall frå utlandet har også funne vegen hit med havstraumen. Ein finn plast som er meir enn 50 år gammal, og det smuldrar rett og slett opp.
.
.
Strandryddingsaksjonen inngår som ein del av skuleprosjektet Snakkast på fjorden – sjå bilete på www.snakkastpafjorden.no
.