Publisert av:
19/4/2017 18:17
Strandryddedagen
Rebekka Høgestøl er engasjert i miljøet og oppteken av at vi alle tek ansvar for å halde naturen rein og fri for søppel. Tidlegare i år var ho ein av mange som deltok i aksjonen “Rydd Bjørnefjorden”.
No har ho teke initiativ til lokalt engasjement på den nasjonale Strandryddedagen.
-Og om du har båt eller ikkje,
vert du herved oppfordra til å kome for å hjelpe henne å rydde:
Kvalvågsstranda, 6. mai frå kl 10 til 18.
-
Strandryddedagen er ein nasjonal dugnad i regi av Hold Norge Rent der fleire tusen frivillige ryddar sine lokale strender frie for søppel ein lørdag i året med mål om eit søppelfritt Norge.
-
For sjette år på rad har tusenvis av frivillige over heile Norge gjort ein formidabel innsats for miljøet gjennom rydding av strender og havbunn både langs kysten og i innlandet. På strandryddedagen i 2016 gjennomførte frivillige 1 364 ryddeaksjoner, det vart rydda 869 kilometer og samla inn 377 tonn marint avfall.
-
Om du også vil delta og rydda di eiga strand, finn du nyttig informasjon på Hold Norge Rent sine nettsider.