Bygdekvinnetreff i Tinghuset

Publisert av: May Britt Meland
23/11/2023 11:53

Måndag denne veka samla 20 bygdekvinner seg til Bygdekvinnetreff i Tinghuset.  Tema var Plantefarging

 

Jorunn Støle Bjordal og Bjørg Espevik, fortalde om plantefarging og litt om dei erfaringane dei gjorde, når me tidlegare i vår hadde besøk av 4. klassane frå Uggdal skule.

 

Ein treng ikkje så mykje utstyr.  Ei stor kjele som ikkje lenger nyttast til matlaging.

Ulltråden må vera ubleika.  Det fyrste ein må gjera er å vaska ulla, og få ut det som er igjen av Lanolin.  Så må den beisast, dette gjerast dagen før.  Ein nyttar Alun, eit aluminiumssalt, som gjer at garnet betre tar til seg farge og gjer fargen meir lysekte.   Kochenille og Kråkefot kan nyttast som beisemiddel dersom ein ikkje vil bruka kjemikaliar.

Til farging har dei nytta Bjørk, tørka og fersk.  Vidare Blåtre, Kosjenilje (frå kaktus), Svarte bøner, bløytevatnet gir blåfarge.  Rogn og Bjørk blir gule fargar.  Gul får ein og frå Gurkemeie.  Andre planter ein nyttar er Brake, Rabarbra, Syreblad, Alund (Kråkefot), Reinfann, Kanadisk gullris og Tepperot.  Skal frå lauk, både gul og raud lauk kan nyttast.  Pors og lyng kan og brukast, både fersk og tørka.  Raude og blå fargar er ofte vanskeleg å få til, men desse fargane kan ein få kjøpt.  I gamle dagar brukte dei og urin, det vart kalla Potteblå.

Ein kokar vatn og findelte plantedelar ved 80 grader i omlag 1 time, så silar ein fargesuppa.  Den kan brukast fleire gonger, men då får ein lysare fargenyanser.

Når ein er klar til å farga, startar ein ved ca. 40 grader, og legg i fukta garn med same temperatur, og varmar opp til 80 grader og held den der i ca 1 time.  Det er viktig å bruka termometer og bevege garnet jamleg, så det blir lik farge på alt.  Gule fargar er lettast å få til.  For å få grøne fargar, kan ein overfarga dei gule med t.d. jernsulfat.

Det finnes fleire bøker om plantefarging, ein finn dei om ein søkjer på nettet.

Det er og oppretta ei FB sida om tema.

Tekst og foto: Tysnes bygdekvinnelag