Her kjem toalett som vil vera tilgjengelig for dei som ferdast i friluftsområdet i Peralio.

Friluftsområde fekk støtte frå SIM

Publisert av: May Britt Meland
3/6/2020 08:35
SIM sitt miljøfond skal gå til tiltak som på ulikt vis gjev betre miljø for innbyggjarane i eigarkommunane til selskapet. Miljø er summen av alle faktorar som menneska er omgjevne og påverka av. I år vart 185 000 kroner frå fondet fordelt på tre søkarar frå Tysnes. Blå skule (35 000 kr), Båtlaget Njord/Tysnes ( 100 000 kr) og Solheimsdalen grendelag ( 50 000 kr) fekk støtte til sine prosjekt.

Båtlaget Njord/Tysnes søkte om midlar til det kommunale friluftsområdet i Peralio i desember i fjor. I mai kom gladmeldinga om at SIM ville støtta dette prosjektet, fortel båtlaget til Tysnesingen.no.

-Midlane vil hovudsak gå til å byggja nytt stupebrett og gjera ferdig toalettbygget som er bygd på “Njordstø”. Dette tilbygget vart gjort ferdig utvendig i vår og til hausten vil ein byrja på det innvendige arbeidet. Tilbygget vil husa to toalett som vil vera tilgjengelig for dei som ferdast i friluftsområdet.

Like ved Njordstø er det anlagt eit fint grøntområde som ligg heilt ned mot svaberga. Her vil det etter kvart koma eit nytt stupebrett.

.
.
.
.
.
Tysnes kommune si heimeside finn du meir om dei ulike prosjekta som fekk støtte.

“BLÅ SKULE
35 000,-
Blå skule på Tysnes ynskjer å byggje ein solid bossdunk på Solstråleøya, i Tysnes
kommune. I samband med denne vil me gjerne tilby “gratis” utlån av kanoàr for å
oppfordre til å nyte naturen, samtidig som det blir tatt med boss frå viker og skjær
tilbake i bossdunken. Me vil sørge for å tømme dunken og bringe avfallet til
Eredalen.
 
BÅTLAGET NJORD/TYSNES
100 000,-
Føremålet med eit friluftsområde i Peralio er å motivere til sosial aktivitet på tvers av
generasjonar, fremja sosial tilhørighet, vera fritt tilgjengeleg til eigenorganisert
utandørs aktivitet, fyrst og fremst for barn og unge og føre til samhald og fellesskap. I
tillegg vil området ha ei nær tilknytning til Våge og Våge Hamn. Dette vil også gjera
friluftsområdet tilgjengelig og attraktivt for tilreisande med båt i den varme årstida,
noko som igjen er med på å heva statusen til Våge som reisemål med båt.
 
SOLHEIMSDALEN GRENDELAG
50 000,-
Me planlegg no eit sanitæranlegg, inne i uthuset som allereie står på eigedomen. Det
vil soleis ikkje bli snakk om nye bygg eller noko som vil endra det autentiske preget
på staden. Uthuset inneheld også utedo, som me vil behalda, men me ser at ved besøk
frå omsorgssenter, sjukeheimar og liknande samt også av skulebarn er det ugreitt å
ikkje ha toalettfasilitetar. Me vil difor installere forbrenningstoalett og ein vask, i
isolert rom og med nytt støypt golv i uthuset. Rampe og ny dør vil sikra universell
utforming. To nye vindu, dører og bordkledning er også nødvendig.”