Årets fasteaksjon blir digital

Publisert av: May Britt Meland
18/3/2020 11:42

I år blir det ein noko annleis innsamlingsaksjon, den årlege fasteaksjonen blir nemleg digital. -Og den er viktigare enn nokon sinne, seier trusopplærar Heidi Hollekim ved Tysnes kyrkjekontor.

Det har vore ein tradisjon kvart år at Tysnes-konfirmantane går rundt i bygdene og samlar inn penger til Kirkens nødhjelp sin fasteaksjon.

For å hindre spreiing av Coronasmitte vil ikkje våre konfirmanter komme på døra med innsamlingsbøssa.

I staden vil ein kunne gi eit bidrag digitalt :
VIPPS til 2426
SMS med kodeord  VANN  til 2426 ( dette trekker  200 kr frå avsender).

Me har også oppretta ei innsamling på Facebook sida til Tysnes kyrkjelydane.

  • Håpar mange vil støtta det viktige arbeidet!

Meir informasjon ligg på kirkens nødhjelp.no.