Røykvarslarens dag

Publisert av: Johnny Helgesen
30/11/2017 13:54

Bruk Røykvarslardagen 1. desember til å bytte batteri og teste røykvarslarane dine.

I perioden 2000 og fram til i dag har det vore 4 707 bygningsbrannar i Hordaland. Det har omkome 71 personar i brann i same periode. Fem personar har så langt i år omkome i brann i fylket.

– Halvparten av alle dødsbrannar skjer i bustader som ikkje har fungerande røykvarslarar. Når ein brann oppstår har du berre få minutt på deg til å kome deg ut av huset, seier brannsjef Torfinn Kongsvik.

Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka.

– Du bør kople røykvarslarane saman, slik at alle varslarane pip samstundes ved brann. Dette kan gje deg verdifull tid til å evakuere og vere med på å redde deg og familien din, seier Kongsvik.

Røykvarslarar bør testast jamleg og når du har vore bortreist over lengre tid. Det er også ein fordel å støvsuge den jamleg. Det aukar levetida til varslaren.

– Levande lys, peiskos, bruk av komfyren og meir bruk av elektrisk utstyr utgjer ein ekstra risiko i jula, særleg i kombinasjon med inntak av alkohol. Gjer det difor til ein hugseregel å bytte batteri 1. desember, som er Røykvarslardagen, seier Kongsvik. Røykvarslardagen er eit samarbeid mellom DSB, Norsk brannvernforening, Gjensidige, det lokale elektrisitetstilsynet og brann- og feiervesenet.

På roykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken.

Kontaktpersonar lokalt: Torfinn Kongsvik, brannsjef tlf 975 29 965.
e post torfinn.kongsvik@tysnes.kommune.no