Vakker song av Louise Vermedal Lunde og Elise Sørhus Dalen. Foto: Arne Leite

Lokale talent skapte julestemning

Publisert av: May Britt Meland
6/12/2018 09:00

Konserten med lokale innslag er blitt ein populær tradisjon.  Det kom mykje folk til kulturkykja ein onsdag ettermiddag som alle gledde seg over talenta me har på Tysnes. 

Helge Olav Instøy losa oss igjennom programmet på sin vanlege lune måte og opna i samsong med Arne Kleppe, som dei to folkekjære trubadurane dei er.

Jurgita Bubilaite spelte piano når Louise Vermedal Lunde og Elise Sørhus Dalen imponerte med sin klare song. 

Julefavorittane kom trillande som perler på ei snor frå Jenny Kjellevold og Marianne Tvedt, som fekk tonefølgje av Endre og Eirik Hodneland.  

Jannike Berge Espevik trong ikkje tonefølge.  Ho trakterte pianoet sjølv medan hennas sterke røyst fylte heile kyrkjerommet.

 

Stemningsfull duett av Marianne Tvedt og Jenny B. Kjellevold. Foto: Arne Leite

 

Jannike Berge Espevik på pianoet. Foto: Arne Leite

 

God julestemning med gitarspel av Eirik Hodneland. Foto: Arne Leite