Faktabøker av Stordforfattar på utlånstoppen. Foto: Tysnes Folkebibliotek.no

Stordforfattar på utlånstoppen

Publisert av: May Britt Meland
13/8/2020 19:38

Er du ein av dei som har lese bøker i serien “Visste du at…”? Desse bøkene er av Stordforfatteren Anna R. Folkestad, og er blant dei ti mest lånte barnebøkene som er utgjeve i 2020. Folkestad som er både forfattar og illustratør ga ut si fyrste bok i 2011 og har seinare gitt ei rekkje barnebøker.

I boka “Visste du at….? Gotteri” kan ein finne artige og overraskande fakta om til dømes tyggis! -Visste du at verdas største tyggisboble vart 50,8 cm? -Og visste du at tyggis bruker ti år på å brytast ned i naturen?

Lurer du på kva bøker som er populære?

Her er dei ti mest lånte barnebøkene i Fitjar, Stord og Tysnes:
1. Operasjon Lurifaks av Jørn Lier Horst
2. Kråkesøstrene av Malin Falch
3. Jack og Zita må redde verden av Ben Hatke.
4. Visste du at …? Godteri av Anna R. Folkestad
5. Gutta i trehuset dør (nesten) av sine egne vitser av Andy Griffiths
6. Visste du at …? Taco av Anna R. Folkestad
7. Guttegærne Stacey av Gale Galligan
8. Ned i dypet av Hans Jørgen Sandnes
9. Alle bitene passer sammen av Judd Winick
10. Hundemannen er på ball av Dav Pilkey

Her er dei ti mest lånte vaksenbøkene i Fitjar, Stord og Tysnes:
1. Solsøsteren av Lucinda Riley
2. Over havet av Isabel Allende
3. Etterlyst av Frid Ingulstad
4. Bange anelser av Frid Ingulstad
5. Kjærlighetens ansikt av Sarah Jio
6. Den tause pasienten av Alex Michaelides
7. Fallesjuke av Randi Fuglehaug
8. Langsomt lukker jeg døren av Linda Olsson
9. Ført bak lyset av Frid Ingulstad
10. Dukken av Yrsa Sigurdardòttir