Tre veteranar som framleis utfordrar seg sjølve med spenst, hurtigheit, styrke og uthald. Frå venstre: Arvid Gaugstad, Lars Petter Epland og Hans Ole Dalland.

Litt  friidrett på Reiso

Publisert av: May Britt Meland
7/10/2021 17:14

Flokken med tysnesingar som årleg gjev seg i kast med krava til idrettsmerket er ikkje stor. Dei som er med har det både kjekt og synest det er inspirerande å greia krava.

Tysnes idrettslag inviterte nyleg til idrettsmerkeprøvane. I år som i fjor var stadion Reiso idrettsbane, der Uggdal idrettslag var rause og stilte anlegget sitt til disposisjon. Dette er einaste staden i kommunen der det no er ein flott 400- meters løpebane.

Tor Ottersen fylte i vår 88 år. Den tidlegare ordføraren har heilt frå unge år hatt interesse for idrett, og det gjekk ikkje lang tid etter at han og familien kom til Tysnes tidleg på 1960-talet før han var sentral i skipinga av Tysnes idrettslag. Framleis spelar han golf, og han held seg i god form med daglege turar og  annan fysisk aktivitet. Idrettsmerkeprøvane har han teke del i kvart år sidan 1985. Krava til idrettsmerket greidde han fint også denne gongen. Godt gjort!

Tor Ottersen imponerer med å greia krava til idrettsmerket i ein alder av 88 år.

 

Ein annan som fortener litt merksemd i samband med idrettsmerket er Stein Aanesen (72). Han òg held seg i god fysisk form og likar framleis friidrett. No har han teke idrettsmerket imponerande 52 gonger. Ingen andre på Tysnes kan visa til liknande.

Heile 52 gonger har Stein Aanesen vore med og greidd idrettsmerkeprøvane.

 

Merketakarane på Reiso idrettsbane (tal gonger i parentes):

Stein Aanesen (52)

Tor Ottersen (37)

Arvid Gaugstad (37)

Anne Merete Blichfeldt Dalland (35)

Hans Ole Dalland (35)

Lars Petter Epland (30)

 

Pressemelding frå Tysnes idrettslag