Nye firbeinte på Myrdal Gard

Publisert av: Martha Nygård Lande
4/3/2021 12:42

På Myrdal Gard er det flytta inn ullgris.

Ullgris, eller Mangalitsasvin, er ein svinerase frå Sentral-/Sørøst-Europa, men er vanlegast i Ungarn.

Det som er lett gjennkjenneleg med grisane, er krusete hår som ser ut som ull. Dei kan ha ulike hårfargar, som mørk overside og lys underside og bein, heilt lyse eller raudfarga.

Huden er mørk og griseungane er ofte stripete, som villsvinungar.

Grisen er hardfør og kan klare seg ute året rundt. Både hårdekket og det tjukke fettlaget gjer at den tåler sterk kulde.

Grisane produserer mykje fett og lite magert kjøt, og brukar lang tid på å nå slaktevekt samanlikna med moderne grisetypar – rundt 14 månader, 2 månader meir enn det vanlege for moderne.

Dei produserar også mindre kjøt enn moderne griserasar, men kjøtet inneheld ein mindre del metta og ein større del umetta fettsyrer. Kjøtet vert rekna som særs godt på smak.

Purkene kan fø opp alle ungane sine utan ekstra lys eller varme. Mangalitsa trives godt med å finne sin eigen mat i skog eller mark, og blir ellers typisk fôra med korn, mais eller gresskar.

På Myrdal Gard får grisane myse som er eit biprodukt frå osteproduksjonen, akkurat som grisen til parmaskinke-produksjon får myse frå parmesan-produksjon i Italia. Dette gjev kjøtet ein unik smak.

Vi har nå 6 griser som vart fødd sommaren 2020. I påskeferien blir det open gard og alle kan kome og helse på grisane, seier Nynke van Schaik til Tysnesingen.

Vi held også på med og klargjere gardsbutikken, fortel ho, slik at den kan opne i påskeferien. Der vert det salg av ost, nye spanande produkt og Myrdal sin verdsberømte pizza.

Tekst og foto: Nynke van Schaik, Myrdal Gard