Foto: Danske Hospitalsklovne

Flytta til Danmark og utdanna seg til sykehusklovn

Publisert av: Vegard Aslaksen
19/5/2019 10:33

Madeleine Straume Dolby med røter til Lundegrend og Kattanes bur i København i Danmark der ho har utdanna seg til sykehusklovn. I sommar kjem ho heim til Tysnes for å halda kurs i klovning og teater i Lundegrend. Sjå link til arrangementet her.

 

Stolt av å vera klovn
Foto: Danske Hospitalsklovne

 

Her er Madeleine avbilda i lag med klassen sin som vart uteksaminert i “Danske Hospitalsklovne” i august 2018. Dette er ei 1.5 årig utdanning der ein lærer om både, klovning, hygiene, traumer, korleis sykehus fungerer, korleis sjukdom kan påvirka sjuke og pårørande, og inkluderar en stor del praksis ute i feltet der ein får fleire “klovnemesterar” ein følgjer og lærer av. Sykehusklovnar har ein enorm betydning for sjuke, innlagte born – seier Madeleine til Tysnesingen. Blant anna er me god til å spre god energi og få fram latter der det verkelig er behov for det. Eg er stolt av å vera klovn, og i sommar har eg tenkt å halda kurs på Tysnes i både klovning og teater for å dela litt av min kunnskap.

Trivst godt i Danmark

Foto: Danske Hospitalsklovne

 

Madeleine trivst godt med den skandinaviske livsstilen, og flytta til Danmark for å kunna bu ein litt varmare og lysare stad med litt mindre snø om vinteren. Eg elskar det her og har ikkje nokon planar om å flytte tilbake med det same, seier ho. Eg solgte bilen når jeg kom her og byta den ut med ein sykkel. Eg er super glad for at eg tok den avgjersla. Eg syklar til jobb og avtalar kvar dag, som blir til minimum 100 km i veka til saman. Det er nesten 100 km meir enn eg gjorde før, så kroppen er glad for at den får bevega seg meir.  Utdanninga i Danske Hospitalsklovne var inkludert jobbtilbud i etterkant av utanninga, men i fjor då eg var på ferie heima i Norge var eg og besøkte dei norske sykehusklovnane for å sjå korleis det var å klovne i Norge. Eg var med ut på sjukehusa og klovna i lag med ei. Det var faktisk enormt herlig å klovna i Norge, då eg kunne klovne på mitt eige spåk, forstå bedre kva alle sa, og ikkje minst forstå normene og kulturen så mykje bedre!

Tysnesingen ynskjer Madeleine lukka til vidare i klovneyrket og vonar det blir nok påmeldte til kurset ho arrangerer her på Tysnes i sommar.